Logo

Nytt stereoannlegg

Skriv et svar
12/19/2005 4:55:10 AM #1 av 14
Postet av: blodfisk
Hei

Synest det er på tide og bytte ut det gamle billige stereoannlegget med eit nytt.
Har vel tenkt til å bruke mellom 22 til 25 tusen kroner på dette :D
Eg har berre eit problem, eg kan alt for lite om høgtalere og forsterkere osv.

Drømmen er jo den at ørene seier stopp før høgtalerane seier stopp :D
Liker å spille all slags musikk, black metal,hip hop osv, liker mye bass uansett ka musikk eg spiller så har lyst å kjøpe subwoofer.

Noen som har noen anbefalinger til høgtalere og forsterker? cd spiller har eg.

takk
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/19/2005 6:29:07 AM #2 av 14
Postet av: Audiophile-Arve
Fint du nemner musikksmaken. Men korleis er rommet du skal ha anlegget i?
Dette vert eit reint stereoanlegg, reknar eg med, så vi kan hoppe over fleirkanalsproblematikken?

Har ei rekkje "favorittar" på dette prisnivået for forsterkar + høgtalarar. Du treng ikkje andre signalkjelder, men det kunne vore greitt å vite kva CD-spelar du har.
Helsing Arve
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/19/2005 10:47:39 PM #3 av 14
Postet av: blodfisk
cd spilleren er vel for gammel, og når eg har tenkt litt på det så er det vel like greit å kjøpe cd spiller i samme slengen.

Rommet blir nokk stova, som er 6x7m ca,og opp til taket så er det vel ein 3 meter ca, Er litt volum på dette rommet, pluss at det er slik open kjøkken/stove opplegg, så det gjør rommet enda større.

Tanken var den å ha rein stereo, kanskje koble til pcen og tv til forsterkeren.
Klart det hadde vert fint å kunne satt opp hjemmekino seinare, men det går vel på bekostning av foreksempel høgtalerane som eg og skal kjøpe. Så fleire kanaler ønsker eg ikkje!

Eg er langt ifrå noen musikk ekspert, men hører på mine gamle høgtalere at lyden vrir seg på høge toner osv, det er kjedelig!

Vist du har noen tips så hadde det vert fint :D
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/20/2005 6:21:29 AM #4 av 14
Postet av: Audiophile-Arve
Du har eit svært flott rom som mange vil misunne deg. Og du treng lettdrivne høgtalarar og ein kraftig forsterkar for å "fylle" det på ein skikkeleg måte.

For å komme godt i mål når det gjeld bass innan budsjettet ditt, vil eg sjå etter ein lettdriven sak med mange store basselement. Musikksmaken tilseier at du bør kunne levere nokonlunde lydtrykk.
Eg er i ferd med å prøve Dali concept 8, som min 17-årige medarbeidar er svært begeistra for (kjem snart omtale. I mellomtida kan du lese om Dali Ikon 7 på sidene våre. Denne er god, men i eit så stort rom som ditt, vert han for knapp utan ein ganske kostbar effektforsterkar, eller eit subwooferoppsett). Concept-serien har ein modell 10 som truleg vil passe deg endå betre, og 10" bassar brukar gjere susen.
Forsterkarar som eg vil vere trygg på fiksar høgtalaren skikkeleg, kostar litt peng. Men om du får prøvd eit 970-sett frå Harman Kardon, trur eg du skulle få ein ganske god match, dersom lydtrykket er tilfredsstillande.

Har ikkje tid til meir no, så vi får komme attende til dette. Det finnest mange andre alternativ som du kanskje vil like betre, men dette skulle fungere brukbart.
Helsing Arve
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/22/2005 5:59:22 AM #5 av 14
Postet av: blodfisk
Mitt gamle annlegg: Onkyo DX701 (cd spiller)
Nad 302 Forsterker
Energy høgtalere, med 2x6,5 element, diskant.
Orka ikkje finne modellen på desse høgtalerane.

Har sett gjennom på hifi klubben si side om høgtalerane du skreiv om her tidligare. Liker tanken på eit subwoofer oppsett, men nå har eg aldri hørt forskjellen på eit subwoofer oppsett og 2 vanlige høgtalere med bass.

Ein kompis av meg hadde CERWIN-VEGA V-12F, og må sei dei gir lyd fra seg, men CERWIN-VEGA V-15F må da virkelig slå ? men dei var ikkje så dyre.

DALI Concept 10 må da og være bra lyd i, slik bass messig, 2x10" og når du har eit par blir det 4x10" :D det må da virkelig slå fra seg.
Må litt forsterker til for å drive desse ? :D

ved eit eventuelt subwoofer oppsett, kva høgtalere anbefaller du ein kjøper då?

Forsterker må eg og ha, har sett litt rundt, men såg ikkje så mye til
Harman Kardon.

mvh Lars
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/22/2005 1:33:45 PM #6 av 14
Postet av: Audiophile-Arve
HK seljast mellom anna gjennom hificenter-kjeden.
Eg kan love deg at Concept vert av langt betre lydkvalitet enn Cerwin Vega. CV rotar til lyden, sjølv om det spelar høgt, og klarer seg med relativt små forsterkarar.

Subwoofer må helst samstemmast med resten av anlegget. Til ditt store rom er det kanskje påkrevd, men eg trur at 10aren av Concept vil klare seg utan.
Har prøvd Concept 8 med Vincent SA 31MKII + SP 331 MKII, og det greidde seg svært godt, men rommet var berre 24 m2. Concept 10 flytter meir luft med same forsterkar.
Vincent har massevis av krefter, men eg vil heller gått for den gamle SP 331 i staden for MK II. Like god (kanskje litt betre på somme felt), og billegare.
Men sjekk HK. Til din musikksmak vil det sikkert vere midt i blinken. Og svært musikalsk og engasjerande.
Helsing Arve
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/22/2005 3:33:27 PM #7 av 14
Postet av: orso
Harmon Kardon var umiddelbart den forsterkeren jeg tenkte på da jeg leste innlegget ditt. Tror den vil passe bra til musikksmaken din.
Når det gjelder høyttalere er det mange alternativer og jeg er usikker på hvilke som matcher godt til HK. Hi-fi centeret selger Audiovector Mi3 til under 10k nå, nedsatt med 4000 kr. Det kan være et godt alternativ.
http://www.hificenter.no/shop_item.cfm? ... ,72&id=867

Ellers så synes System Audio sine høyttalere gir mye for pengene, men de går ikke så dypt. Da bør du nok supplere med subwoofer.

En kombinasjon av HK og Audio Pro tror jeg også kan bli veldig bra.
http://www.avhifi.no/main.php3?PI=10&SG=1
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/22/2005 8:35:16 PM #8 av 14
Postet av: Audiophile-Arve
"bomholt" skrev:Harmon Kardon var umiddelbart den forsterkeren jeg tenkte på da jeg leste innlegget ditt. Tror den vil passe bra til musikksmaken din.

Mi3 er ein glimrande høgtalar, og prisen du nemner er nesten tjuveri. Men eg er usikker på om det er rette høgtalaren for Blodfisk og rommet hans, iallfall utan subwoofer.
Å finne ein god sub-match til Mi3 kan bli kostbart.
Helsing Arve
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/22/2005 9:25:35 PM #9 av 14
Postet av: orso
"Audiophile-Arve" skrev:

Kanskje SVS kan gjøre susen. Mange skryter av den. Hva med kombinasjonen HK og Audio Pro?
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/22/2005 10:27:13 PM #10 av 14
Postet av: blodfisk
Hadde meir eller mindre bestemt meg for concept 10, men nå setter dere meg i tvil :D

Ser etter forsterker til c10, men det var vanskelig.
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/23/2005 7:15:46 AM #11 av 14
Postet av: Audiophile-Arve
Vi snakkar om eit svært stort rom, og ein musikksmak som skal gå på mykje trøkk og dynamikk, spesielt i bassen. Eg trur Concept 10 vil gjere denne jobben vesentleg betre enn høgtalarar som er fysisk mindre.

Auciovector Si6 ville nok fungere godt, saman med store linjekjelde-høgtalarar som Magnepan eller Martin Logan. Men prisen er langt utanfor budsjettet, og ikkje å tenkje på. Dessutan er dei typiske allroundarar, som fiksar dei fleste musikksjangrar for entusiastar som har helde på ei stund. Ikkje rette sorten i denne samanheng.
Det finnest nokre racarar som spelar bass i massevis, også i store rom. Men eg er redd dei kostar såpass mykje at det vert problematisk å halde budsjettet.
Døme: Focal, JBL, Tannoy, PSB sine store modellar. Men alle kostar over 20 000, og skal også ha ein fornuftig forsterkar.
Einaste verkeleg billege som kan duge, er sjølvbygg (Største byggesetta frå t.d. Ljudia er ikkje så verst, men er ikkje spesielt vakre), eller bruktmarknaden (dukkar t.d. IMF TLS 80 eller studio reference opp, burde det vere glimrande, men slikt er sjeldant.)

Gå iallfall for ein fysisk stor høgtalar, med minst to 8" bassar, helst meir. Eg held framleis på Concept 10 + HK til dette rommet/musikksmak. Prøv å få demonstrert høgtalararne. Hifiklubben brukar å ha bra service, og eit heimlån let seg nok ordne mot eit depositum.
Helsing Arve
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/23/2005 7:33:03 AM #12 av 14
Postet av: Audiophile-Arve
Slit du med forsterkar, kan du diskutere heimlån på hifiklubben. Eg vil tippe den rimelegaste Thule, eller kanskje Lyngdorf (litt vanskelegare å bruke) kan gjere susen. Kanskje også NAD, dersom du likar lyden.

Høgtalarane er lettdrivne og greie for dei aller fleste forsterkarar, men du har eit stort rom med stor takhøgd. 150W hadde vore fint, men halvparten kan også klare seg om du ikkje skal ha disconivå. Såleis vil nok HK 970 spele rikeleg høgt, og eg vil halde ein knapp på denne:
http://www.hificenter.no/shop_item.cfm? ... 79&id=1217

Rotel 1090 (trur det var det han heitte) burde også gjere ein fin jobb, men kostar litt meir. Importert av http://www.nebyhifi.no, og forhandlast over heile landet.

Trur ikkje Marantz er det rette til så store bassar.

Onkyo er flotte ting, men eg er ikkje sikker på om dei nye modellane er komne til landet no. Forhandlast av http://www.mono.no

yamaha er veldig musikalsk, men eg er usikker på kva som finnest av modellar her i landet. Er det aktuelt, bør du gå for noko på 100W eller så.

A607 frå Pioneer har eg ikkje høyrt, og veit heller ikkje prisen. Men dei store integrerte forsterkarane derifrå hadde iallfall tidlegare mykje bra over seg.
Helsing Arve
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/23/2005 11:12:17 AM #13 av 14
Postet av: orso
"blodfisk" skrev:Hadde meir eller mindre bestemt meg for concept 10, men nå setter dere meg i tvil :D

Ser etter forsterker til c10, men det var vanskelig.

Dersom du liker concept 10, vi jeg anbefale at prøver de med Thule IA100 på Hi-Fi-klubben. Da får du prøvd begge på et sted. En meget god forsterker til prisen som jeg tror passer bra til concept 10. Den har 100w*2. Ellers så er det lurt slik Arve sier å låne meg seg hjem. Og teste Thule opp mot HK kan være en god ide. Personlig liker jeg best Thule, men med din musikksmak kan det hende HK vil falle best i smak.
Jeg har ikke så mye erfaring, men det jeg har lært er at det er lettest å finne høyttalerne du liker først. Når du har funnet høyttalere du liker, leter du etter en pessende forsterker ved å låne meg deg hjem.

Håper vi ikke har gjort deg forvirret. Det er mange alternativer og det er din smak som avgjør. Ta deg en lytterunde og finn ut hva du liker. Audiovector, PSP, System Audio og Harmon Kardon finner du på Hi-fi centeret. Audio Pro selges på Musikk Magazinet.
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
12/23/2005 8:25:54 PM #14 av 14
Postet av: blodfisk
Kva med denne da?
http://www.avhifi.no/main.php3?PI=11&PNO=8962
Er ikkje denne bra? Korleis er det med utganger og innganger på denne?
Sub utgang?

HiFi klubben anbefaller jo NAD C372 til Concept 10 høgtalerane!
Denne har jo enorm kraft.

Harman/Kardon HK 970 er jo sikkert heilt grei, men utgangseffekten på denne var vel litt liten? har lyst til å ha 100W pr kanal ! :D sjølv om 70 holder sikkert i masse vis :D

Sikkert veldig bra forslag alle forsterkerane dere har komt med, men korleis er det med funksjonene til dei forskjellige forsterkerane? håndkontroll osv? Korleis er det foreksempel med subwoofer i framtida?
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
Skriv et svar